Skip to content

Spanske bølgjer og norsk kunnskap blir fornybar energi

5. desember 2012
Wave Power (foto: Langlee)

Wave Power (foto: Langlee)

Med kunnskap og utvikling innan fornybar energi, bidrar det norske selskapet Langlee Wave Pover til å løyse globale utfordringar frå Gran Canaria.

Av Karoline Roti, trainee hos Innovation Norway Madrid

Langlee Wave Power er i oppstartsfasen med etablering av prosjekt på Kanariøyene, der viktige leveransar av fornybar energi skal hjelpe Gran Canaria med essensielle oppgåver som per dags dato utgjer både ulemper for miljøet og ekstrakostnadar for øysamfunnet.

Prosjekta omfattar utbyggjing av bølgjeparkar, som mellom anna skal levere straum til avsaltingsanlegg som produserar ferskvatn til 46 000 menneske og jordbruk.

I dag produserast straum på Gran Canaria ved hjelp av dieselgeneratorar og gassturbinar, ei dyr og forureinande løysning. 20 % av elektrisiteten nyttast til å produsere ferskvatn grunna lite naturlege ferskvassreservar på øyene. Dette kan om få år produserast med fornybar energi.

Omfattande energiprosjekt

Langlee Wave Power fokuserar på å utvikle ein prototype av bølgjetransformer E1 for Kanariøyene. Dette gjerast i samband med lokale myndigheiter i eit forsøk på å trekkje fram fornybare energiløysningar, prøveplattformen PLOCAN og det lokale utviklingsselskapet PROEXA.

Eit av prosjekta til Langlee Wave Power omfattar utbyggjing av ein bølgjepark på 5 MW på Gran Canaria. Denne kan vere klar alt i 2016, og vil vere eit viktig bidrag til ei meir miljøvenleg framstilling av ferskvatn.

Langlee har óg framtidige prosjekt på øyene Lanzarote og Fuerteventura med eit samla straumforbruk på 250 MW, hovudsakeleg frå diesel. Det norske selskapet planlegg utbyggjing av 50 MW bølgjekraft før 2020, og vil dermed dekkje 20 % av straumforbruket til øyene med fornybar energi.

Bølgjeparkar utvikla av Langlee Wave Power vil innan få år forsyne Kanariøyene med fornybar energi som mellom anna skal nyttast i prosessen med framstilling av ferskvatn.

Positiv lokal påverknad

I tillegg til å erstatte mykje av straumforbruket med rimelegare og meir miljøvennleg fornybar energi, har prosjekta til Langlee fleire positive konsekvensar for lokalsamfunnet.

Kanariøyene (foto: Philip Lange)

Kanariøyene (foto: Philip Lange)

Som del av oppstartsfasen har Langlee i år ansatt spansk arbeidskraft både i Noreg og i Spania, samt etablert eit datterselskap på Gran Canaria for lokale oppgåver og nærleik til marknaden.

Bølgjeparkanlegga skal i tillegg produserast ved eit lokalt skipsverft og vil skape fleire hundre arbeidsplassar der. Dette er ein svært positiv bi-faktor for eit kriseramma Spania med omfattande arbeidsløyse.

Avtale mellom Langlee Wave Power og det lokale skipsverftet på Gran Canaria, Zamakona, vart signert under eit EEA Grants-seminar i Bergen i oktober i år.

Kanariøyene som kjelde til fornybar energi

Gitt dei geografiske og klimatiske forhalda har Kanariøyene unike eigenskapar veltilpassa utnytting av sol, vind og bølgjer som kjelder til fornybar energi. Samtidig har øygruppa store energibehov både for å forsyne ei stor turistnæring samt produsere ferskvatn. Norsk kunnskap og kompetanse gjennom Langlee Wave Power er her med på å utvikle gode, bærekraftige løysningar for energisituasjonen på Kanariøyene.

Innovasjon Noreg som kontaktskapar

Gjennom etableringsprosessen på Gran Canaria har Langlee Wave Power gjennom fleire fasar hatt nært samarbeid med Innovasjon Noreg.  Det spanske prosjektet starta under deltakinga i ein studietur til Spania i februar 2009 i regi av Innovasjon Noreg, med status for fornybar energi som tema. Seinare har Langlee Wave Power også tatt del i fornybar energi-prosjektet EEA Grants, med nettverksbyggjing og studieturar til både Noreg og Spania.

Etableringa og prosjekta til Langlee Wave Power i Spania er difor eit utmerka eksempel på korleis Innovasjon Noreg kan hjelpe norske kunnskapsrike og innovative bedrifter til å utvikle gode prosjekt som kan bidra til å løyse globale utfordringar.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: