Gå til innhold

Nergård re-lanserar saltfisk i Spania

26. november 2012
Saltfisk (foto: VMarin)

Saltfisk (foto: VMarin)

I samband med debatten om internasjonalisering, globalisering og innovasjon, rettast merksemda på fiskeribedrifta Nergård som lykkast i å reintrodusere norsk saltfisk for spanjolar, eit av verdas mest fiskespisande folk.

Av Karoline Roti, trainee hos Innovation Norway Madrid

Frå 2012 eksporterar den norske fiskeribedrifta Nergård norsk saltfisk til den spanske marknaden. Handelspartnaren er Bacalao Puerta, ein veletablert spansk fiskeforhandlar med lang historie og tradisjonar for eksklusive fiskeprodukt. 

Saltfisken frå Nergård er difor m.a. å finne i spesialforretningar over heile Spania, der kvaliteten er i fokus for å tilfredsstille kresne kundar.

Norsk gjennoppbyggingsprosess

Frå å vere den viktigaste bacalao-eksportøren til Spania, mista den norske salt- og klippfisken den dominerande marknadsposisjonen på 80-talet til fordel for produkt frå Island og Færøyene.

Innovasjon Noreg gjennomførte i løpet av 2010 og 2011 ulike prosjekt for å gjenoppbygge den norske marknadsposisjonen og gi nordnorske saltfiskprodusentar auka sal og pris i den spanske marknaden, mellom anna gjennom omfattande registrering av kvalitetspreferansar og nettverksbygging.

Nergård tok del i prosjekta, og er det første direkte resultatet på ei positiv utvikling for norsk saltfisk i den spanske marknaden. Frå at norsk kvalitet har vore eit hinder i forhald til kvitare islandske og færøyske produkt, har Nergård gjennom motivasjon og kompetanse tilpassa seg marknadskrava på ein utmerka måte, og tilfredsstillar spanjolane sine høge forventningar knytta til kvalitet på matvareprodukt.

Spanjolar et mykje fisk. No skal dei ete norsk saltfisk frå Nergård.

Stort potensiale

Spania er ein av verdas største importmarknadar for fisk. I 2011 konsumerte dei spanske hushaldningane 1230 millionar kilo sjømat til ein verdi av 9 milliardar euro. Dette utgjer eit sjømatkonsum på 27,3 kg per spanjol.

Den totale spanske importen av saltfisk har dei siste åra vore rundt 20 000 tonn per år. I fjor utgjorde den norske marknadsandelen omlag 30 %. For perioden januar-august 2012 har den norske saltfiskeksporten til Spania auka med 6 % samanlikna med same periode i 2011, og 11 % samanlikna med same periode i 2010.

Spania representerar ein stor, potensiell marknad for norsk saltfisk. Nergård er av dei første bedriftene som aktivt re-lanserar norsk saltfisk i Spania, og er ein viktig aktør for norsk proteinlevering, merkevarebygging og gjenerobring av den spanske marknaden.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: