Skip to content

Den innovative øya

7. mai 2012
Mjømna

Mjømna. Foto: Bjarne Thune

Av Halvor Flatland, leiar for Innovasjon Norge sitt kontor i Sogn og Fjordane

 

Jau visst er vi innovative i Sogn og Fjordane også – og særleg på Mjømna.

Det vesle øysamfunnet med omlag 50 innbyggarar fostrar stadig nye innovative bedrifter. Det starta ein gong for mange år sidan med ein blomsterbutikk!

Det er “avleggarane” av dette modige ekteparet som no står i sentrum for stadig nye knuppar. Denne våren har lege.no sprunge ut og veks opp. Og den kjem til å vekse raskt!!

Mange av oss er lei av lang ventetid hjå fastlegen. Med den nye nett-tenesta lege.no kan du få personleg kontakt med dyktige legar på nett i løpet av minuttar.

Dei bemannar no opp nettsatsinga etter berre kort tids drift. Helsetenesta lege.no der du kan “gå til legen” via nettet (chat), er blitt så godt motteken i marknaden at gründarane Linn Dyveke og Njål Wilberg må utvida bemanninga med fleire legar.

Gründerane har treft ein marknad og dei måtte bemanna opp etter berre ei veke i drift.

Linn Dyveke og Njål Wilberg står også bak sms-søkjetenesta Ask ADAM og musikktenesta Beat.

1. mars kom legetenesta i drift, der folk kan koma i kontakt med ein lege som sit klar til å svare på helsespørsmål.

Tilbakemeldingane som har kome, har vore overveldande. Både legane som jobbar med tenesta og brukarane har gitt gode tilbakemeldingar.

Vi nordmenn er opptekne av helsa vår, men slit ofte med dårleg tid.  Det kan vera vanskeleg å finna tid til å gå til legen. Eg er viss på  at lege.no kan vere ei løysing og eit supplement for mange. Pr i dag finst det ingen annan tilfredsstillande måte å søke trygg og korrekt helseinformasjon tilpassa pasienten sin ståstad på nettet. No står vidareutvikling av tenesta med video samt marknadsføring på tapeten.

Meir informasjon hos NRK.

Denne bloggposten vart fyrste gongen publisert på Halvor sin eigen blogg Halvors innovasjonsblogg.

No comments yet

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

%d bloggere like this: